I september valfartar lokale løparar til Oslo
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Jan 2026
Sjå den imponerande lista frå lokale klubbar
BMW Oslo Maraton vert ikkje arrangert før i september. Men løpet er stort sett fullteikna, men også her blir det mange startnummer til sals siste tida før løpet.
Velledalen IL si nettside har sett litt på kor mange løparar nokre av dei lokale klubbane har meldt på.
Og det er Velledalen IL som toppar lista. Her er tala:
22 påmelde: Velledalen IL
18: Ørsta IL
16: Ålesund FIK
13: Brattvåg
13: Volda Turn&IL
6: Vartdal Turn&IL
5: Bergsøy IL
4: Hareid IL
3: Stranda IL
3: Hovdebygda IL
2: Ikornnes IL
2: Dimna IL
2: Hjørungavåg IL
1: Sykkylven IL
1: Spjelkavik &Omegn
1: Valldal IL
Altså meir enn 110 løparar påmelde gjennom sunnmørske idrettslag hittil – IMPONERANDE!
Det er denne dagen Johanne Hjortdal skal debutere på heilmaraton og søstrene Holmberg (Christina og Emma) er påmelde på Oslo-trippelen. Det vil seie at dei fyrst spring heilmaraton, så legge dei bak seg ein halvmaraton, før dei avsluttar med «10 for Grete». Samla distanse om dei greier gjennomføre dagen vert over 73 km. Dette KAN utan tvil bli VIL-kvinnene sin dag i Oslo!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.