Takk til Nærbutikken – kaféavdelinga har løfta oss!
Postet av Atle Jomar Hole den 16. Jan 2026

Ringen slutta slik den starta – med mokkabønner og kaffi i kafé-avdelinga.
Storbil-sjåfør I Giørtz, Frode Mauren, markerte i dag at ei epoke er over. Det gjorde han over ein kopp kaffi, mokkabønner, rullekake og sjokolade i kafé-avdelinga ved Nærbutikken I Velledalen. På same stad der han for lang tid sidan møtte det som i dag er kompisane Alf Petter Bøe og Atle Hole. Den gongen var han utøvar i Vegsund Racing – så godt som den einaste aktive - og treninga hans var nokså tilfeldig. Møta gjekk over frå å vere tilfeldige, til å bli faste. Annakvar veke, alt etter Alf Petter sin skift-turnus hos Ekornes, møttest dei når Frode kom i retur frå vareleveransar på Stranda. Då var det matpausar i Velledalen, og dei hadde ein tendens til å bli lange.
Det tok ikkje lange stunda før Frode var av dei ivrigaste i Velledalen IL si løpargruppa. Vi var ikkje så mange den gongen, men vi voks heile tida. Mellom anna fordi Frode snakka vel om oss, rekrutterte han relativt lett mange løparar på nordsida av fjorden. Kvalitetsfolk alt i hop, ikkje som løparar, men som menneske. Der vi står i dag, må nærast omtalast som eit under. At Velledalen IL i dag sit på den største, og mest veldrivne breiddeklubben på Sunnmøre - med eit folketal på under 400 - viser kva som er mogleg. Jamfør påmeldingane til BMW Oslo Maraton i september 26 (22 påmelde) og Hytteplanmila i Hole kommune ved Hønefoss i oktober (15 påmelde).
I dag kom Frode til eit siste stogg ved Nærbutikken Velledalen like over klokka 12. Somme gnei seg sikkert i augene og trudde Nærbutikken hadde vakna til liv igjen, då Giørtz-bilen stod parkert utanfor. Men så vel var det nok ikkje. Han kom som vanleg frå Stranda. Ikkje for å levere varer, men eit siste møte med kompisane på staden dei var blitt glade i. Torill Engelund hadde som vanleg kaffien klar. Og vi naut den siste stunda i kaféavdelinga – heilt, heilt åleine. Menyen var enkel: rullekake, storplate sjokolade, mokkabønner, kaffi, solo og cola med og utan sukker. Kanskje ikkje slik mat ein vert god løpar av, men det har bidrege til miljø, samhald, trivsel og breiddemessig løft.
Takk til Nærbutikken for at vi alltid har kjent oss velkomne!
Takka vere dei tilsette opp gjennom åra har det alltid vore kjekt å kome dit!
PS: I dag er Frode ein sentral person i friidrettsgruppa til Velledalen IL, og ektefelle Susan Gjerde – NM-vinnar 10 km landevegsløp i 2025 – sit i Velledalen IL sitt hovudstyre. Begge to særdeles viktige brikker i det breidde-løftet løparane våre har levert siste åra. Og det er Nærbutikken å takke at vi fann kvarandre!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.