Måndag 19.januar klokka 18.00: Langrenn og skileik
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Jan 2026

Nytt, flott tilbod til born og unge i Ladalen (Fjellsætra) kvar måndag.
Alle bør merke seg dette nye, flotte tilbodet med oppstart i kveld, måndag 19.januar klokka 18.00. Eit tilbod som fremjar stikkorda skiglede, fellesskap og meistring. Det er ope for absolutt alle born og unge frå 3.klasse og oppover. Anten ein kan ingenting, litt, eller mykje, er dette staden for å utvikle seg vidare.
Frammøte er ved skibua på skistadion i området som mellom anna er kjent som startområdet for «Barnas Fjellsæterrunde» og lokale cuprenn. Frammøte er ganske så presist klokka 18.00, og ein må ha med eigne ski og stavar. Dessutan må skia vere ferdig preparerte til oppmøte-tidspunktet.
Kontaktpersonar for dette gode tilbodet er Kristian Moe ( 416 27 959) og Stian Vikås (917 39 386).
Velledalen IL håper mange av laget sine unge finn tilbodet interessant.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.