SMÅNYTT FRÅ LØPSFRONTEN

Postet av Atle Jomar Hole den 21. Jan 2026

 Foto frå sist trening

Med mellom anna ny påmelding til «10 for Grete» og datoar for Konradløpa

 

BMW Oslo Maraton 2026 opererer med «utsolgt» bak påmeldingane til halvmaraton og Oslotrippelen. Men, framleis kan ein melde seg på «10 for Grete» (10 km) og heilmaraton (42 195 meter). Ei som har meldt seg på «10 for Grete» siste dagane er Birgitte Bonesmo. Dermed ser den førebelse troppen til løpet i september på denne distansen slik ut:

Frode Mauren

Birgitte Bonesmo

Anita Mosby Nakken

Susan Gjerde – regjerande NM-vinnar på distansen i klasse K 50-54.

 

KONRADLØP-DATOAR:

Vidare har friidrettsgruppa hatt styremøte og bestemt datoane for dei ulike Konradløpa i 2026:

1.april: PåskeKonrad – vanleg løype med start/mål på Brunstad

26.april: MiniKonrad – i området Dalemyra med Velledalen grendahus som base

1.mai: Konradløpet (hovudløpet) – vanleg løype med start/mål Brunstad, frukost & premieutdeling Velledalen grendahus

 

Fyr til fyr 26: Stor VIL-påmelding

Du finn både Hornindal Rundt og Stranda Fjord Trail Race på lista over populære fjelløp den komande sesongen. Men det ser ut som løpet Fyr til fyr i Fosnavåg kjem til å danke ut dei to andre på deltaking i 2026. Førebelse påmeldingstala då VIL nyleg kika på dei, var nemleg slik:

113: Hornindal Rundt

200: Stranda Fjord Trail Race

397: Fyr til fyr

 

Og dette var heilt i tråd med påmeldingar frå VIL-utøvarar på same tidspunkt: Ingen i Hornindal, fire på Stranda og åtte i Fosnavåg. Ganske så sikkert blir vi representerte under alle tre løpa. I alle fall så har Constantin noko å forsvare frå Hornindal Rundt 2025.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.