Fargeklatt fyller 60 år i dag

Postet av Ann-Helen Hole den 28. Jan 2026

28.januar 2026 fyller Gyls-Svein, æresmedlem i Velledalen IL, 60 år.

 

Svein Arne Nakken vart både overraska og hardt feira laurdag 24.januar. Og det var hans næraste som spela han eit puss, same stad som han starta skulegongen sin i 1973. Talane, godorda og musikk-innslaga kom tett som hagl gjennom heile kvelden. Ein kveld Svein trudde han hadde kontroll på, men som nokon hadde endevendt – ja så kraftig at jubilanten mest vart tagal og i starten likna på ein sjokkskadd herremann.

 

Svein er kjend for litt av kvart. I dag er han mellom anna ass. rektor på Sykkylven sin største barneskule, han er småbrukar (i hovudsak driv han med sau) og han er leiar i langrennsgruppa til Velledalen IL. Det var lenge uviss kva yrke mannen ville finne som leveveg. Hadde nokon spurt far hans, Leif Jarle Nakken, til dømes i 1989 (då Svein var 23 år) om temaet, er det ingenting som tyder på at læraryrket i det heile hadde vore omtala. Leif Jarle hadde truleg svare om lag slik:

  • Eg trur han vil drive småbruket vidare for det er arbeid han likar. Men han må ha noko i tillegg. Kanskje buss-sjåfør, han er glad i å køyre buss. Kanskje endar han opp hos Ove Straumsheim A/S der han har vore i alle feriar og praksisveker heilt frå ungdomsskule-tida. Eller kanskje vert han elektrikar, då han har interesse for installasjonar.

 

Heilt ut av det blå starta han på lærarskule i Elverum som 25-åring og vart lærar. Og i skuleverket har han no hatt gode dagar i Nordre Land, på Stranda (Ringstad skule) og Sykkylven (Ullavika og Aure) i over 30 år. Her er litt av det Svein er kjend for på andre frontar:

  • Svein tok førarkort i militæret. Fyrste oppdraget hans med VRF sin buss, type B 57 (høyrest ut som eit bombefly), var å køyre damelaget til Fosnavåg til kamp mot Bergsøy. Alt sommaren etter (1987) fekk han ei tillitserklæring av dimensjonar då han køyrde VRF-bussen til Oslo og Norway Cup, som 21-åring utan å vere sjåfør på slike køyretøy av yrke. Seinare køyrde han buss til Norway Cup truleg sju-åtte sesongar, også i 1990, då VRF sitt 16 års lag tapte 1-0 mot Tromsø i finalen. I 1999 køyrde han til Dana Cup, og han har vore sjåfør til ei rekkje damekampar i Trøndelag og i Østerdalen.
  • I 1989 sprang han frå sentrum av Stranda til sentrum av Sykkylven i pur glede over VRF sitt opprykk frå 6.divisjon til 5.divisjon (trenar Gisle Erstad). Han brukte 3.33.59 på turen. Dette var starten på VRF sin siste opptur, som vart krona med eit nytt opprykk i 1994.
  • Har hatt verv som oppmann og sportsleg leiar. Sat i styre og stell i VRF stort sett til laget la ned seniorfotballen hausten 2002. Standhaftig som han er, slutta han sjå lokale fotball-kampar frå same tid.
  • Ein gong Knut Hatlen låg sjuk i influensa, fekk Svein tillitserklæringa med å køyre Elisabeth Hatlen til Norgescuprenn til Ål i Hallingdal. Elisabeth vann begge renna, med større margin enn nokon gong. Elisabeth var beste utøvaren i eiga årsklasse i Noreg frå ho var 14 år til ho vart 18 år.
  • Eit anna år ringde Svein to gonger til Knut Hatlen UNDER Birkebeinerrennet og fortalde at han hadde brote rennet. Knut fekk han gjennom «samtaleterapi» til å fortsetje, men han vart fem minutt for sein til å greie merkekravet. I fylgje Knut Hatlen brukte dei langt meir enn fem minutt på prat under rennet.
  • Svein taklar vanskeleg situasjonar og tunge stunder. Han tek tak når personar fell frå brått og uventa, på same måte som han tok tyngste taka då ein ung kar trudde han kunne flyge frå ein altan ved Velledalen grendahus. Beredskapen til naudetatane vart testa, men heldigvis gjekk det bra
  • Svein var ikkje av dei fyrste som skaffa seg karbonsko. Han meinte effekten var overdriven. Før eit halvmaraton i Oslo heldt han eit lengre føredrag til friidrettsleiar Alf Petter Bøe, der han analyserte kva han kunne greie. På ein god dag, og på ein dårleg dag. Konklusjonen vart at han ville vere godt nøgd med ei tid på 1.45.00. Dagen før løpet i Oslo heldt Svein eit lite, privat show på ei forretning i Oslo, som enda i kjøp av karbonsko. Og dagen etter sprang han halvmaraton under 1.40 (trur faktisk han var på 1.38-talet). Etter denne hendinga har han ikkje nemnt karbonsko med eit ord, melder løpsmiljøet i Velledalen IL.
  • Svein Arne Nakken elskar Hødd, men hatar Vålerenga og Rosenborg.
  • Gyls-Svein har i eit utal år vore langrennsgruppe-leiar i Velledalen IL. Han likar sjølv delta i lange kraftprøver som Vasaloppet og Birkebeinerrennet. Han nærmar seg med stormskritt 50 startar i dei to klassikarane. Komande vinter ynskjer vi han alt godt i klasse M 60-64.
  • Svein er Velledalen IL sin nest yngste æresmedlem (berre Pernille er yngre). Ser vi vekk frå Fridtjof Drabløs (som voks opp i Velledalen) er han Velledalen IL sin einaste æresmedlem med heilt og fullt tilhald i Straumgjerde. Svein er kjend for å vere ekstremt tenestevillig.
  • Svein Arne Nakken er målmann. Han «refsar» journalistar som skriv om Hødd og Brattvåg på bokmål, og like eins slike som skriv i Sunnmørsposten at Stranda videregående skole skal slå seg saman med Sykkylven videregående skole.
  • Svein er 100 prosent rusfri – ikkje eingong kaffi drikk han – difor er hugsen hans overlegen dei fleste andre.

 

Dei som ikkje alt har levert gåve til jubilanten, kan be til Vårherre om litt nedbør i form av snø. Det ville Svein Arne setje overlag stor pris på.

 

PS. Så nemner vi at Velledalen IL sitt stafettlag som vart nummer ti under KM, 3x3 km stafett i 1981, alle jubilerer i løpet av januar:

3.januar: Roger Malvin Hole 60 år

28.januar: Svein Arne Nakken 60 år

29.januar: Odd Jostein Drotninghaug 60 år

Velledalen IL sitt andrelag (Steinar Fet, Eivind Drabløs og Anders Straumsheim) vart nummer 13.

 

Og Velledalen IL som gratulerer alle tre – men æresmedlem Svein spesielt – vert 120 år i 2026!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.