Anette og Anders sterke innandørs på Bislett
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Feb 2026
Gjorde 5 km unna på 16.26 (Anders) og 19.35 (Anette). Begge inne topp-10 med god margin
Denne helga har Bislett Indoor Marathon blitt arrangert i Oslo med ei rekkje ulike distansar. Anette Heimli Jokstad og Anders Westrheim frå Velledalen IL var med å kasta glans over arrangementet. Begge på distansen 5 km.
Her er resultata:
5km kvinner:
- Emilie Mo, Sk Vidar, 16.27
- Mari Ranheim, Noteam, 18.26
- Hannah Bergh, Konnerud IL, 18.51
- Sarah Samuelsen, Rjukan IL, 19.15
- Anette Jokstad, Velledalen IL, 19.35
- Synnøve Alfsen, Sankthanshaugen, 19.54
Anette sin Strava-kommentar: 5 km Bislett Indoor Marathon, tid 19.35
- Utålmodig i starten, dupp utover, alltid spurt på slutten. Vanskelig å finne perfekt rygg når man løper litt jojo. 4 sekund fra pers så må si godkjent februar-tid
Ja, dette er absolutt godkjent Anette. Kan nemnast at tida i tillegg til å vere fire sekund bak pers, var tre sekund føre bestetida på distansen for kvinner i 2025 – og vi skriv så vidt februar månad!
5 km herrar:
- David Meier, SK Vidar, 14.51
- Stian Eilertsen, IK Hind, 15.09
- Gaute Olberg, SK Vidar, 15.13
- Erik Bengtsson, Bettong boys, 15.53
8.Anders Westrheim, Velledalen IL, 16.26
Strava-kommentar Anders Westrheim:
- Yes. Bislett indoor marathon 5 km. Ny pers 16.26. Happy.
Det kan Anders Westrheim vel vere, når han 7.februar 2026 spring fire sekund raskare enn han nokon gong gjorde i 2025.
Sterk sesongstart av Oslo-avdelinga!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.