Velkomen til Barnas Fjellsæterrunde 2026

Postet av Atle Jomar Hole den 9. Feb 2026

Akivfoto frå 2023

Stad: Langrennsstadion – Fjellsætra

Når: Sundag 15. februar kl. 12.30

Distanse: 3 km, ein runde rundt Lysløypa med drikkestasjon halvvegs og i mål.

(For dei aller minste, som synest ein heil runde rundt vatnet blir for langt,

kan gå ein kortare runde i lysløypetraséen).


Kven kan delta:

Rennet er ope for alle born/ungdomar 0-16 år, dvs. fødde i 2010 eller seinare.

Påmelding: Påmelding i tidtakarbua ved start. Ver ute i GOD tid, minst 45 minutt før start!

(30 minutt før start er alt for dårleg tid).


Startkontingent: kr 100,- per deltakar (ingen syskenmoderasjon).


Betal med VIPPS til 100921

Tidtaking/premiering: – Fellesstart for alle kl. 12.30 (presis).

– Løpstider for alle løparane 12 år og eldre (fødde i 2014 eller før)

vert offentleggjorte.

– Premie til ALLE (medaljar) vert utdelte ved målpassering.


 Premie (trofé) til raskaste jente og raskaste gut vert delt ut mot slutten av arrangementet.

Vel møtt til ei flott ski-oppleving på Fjellsætra.

Hugs at det ALLTID er mykje betre ver på Fjellsætra enn heime.


Med sportsleg helsing Idrettslaga i Sykkylven

Hundeidvik IL, Ikornnes IL, Sykkylven IL, Velledalen IL


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.