Deltagelse ved Storfjordcup/Sonerenn skicross

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Feb 2026

Tre utøvarar frå Velledalen IL stilte til start under Storfjordcup og sonerenn i skicross 11.02.26.

Det var totalt 45 påmelde deltakarar, og arrangementet baud på ei variert og artig løype med svingar, kular og fart – akkurat slik skicross skal vere.

 Velledalen IL var representert ved frå venstre:

– Sigurd Fløttum Fauske

– Emil Vikås

– Knut Klokk

Alle tre viste solid stå-på-vilje, god innsats og ekte skiglede gjennom heile dagen. Sjølv om det ikkje er tidtaking i denne aldersklassen, leverte gutane sterke gjennomføringar og tok utfordringane i løypa på strak arm. Det var tydeleg at dei både kosa seg og utfordra seg sjølve.

Slike renn gir viktig erfaring, meistring og motivasjon vidare – og det er kjekt å sjå Velledalen IL representert på startstreken.

 

Saka er sendt inn av Stian Vikås


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.