VELLEDALEN IL-PÅMELDE BIRKEBEINERRENNET 2026
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Feb 2026
Rekordstor tropp, snuser på tosifra deltakartal.
Nettsida har vore inne og sett på påmeldinga til årets Birkebeinerrenn. Sett med Velledalen IL-auge er den imponerande med ei kvinne og åtte menn. Det kan sjølvsagt kome endringar fram mot rennstart i midten av mars, men tosifra tal deltakarar har Velledalen IL aldri hatt. Greier vi det i 2026 vil det vere ei flott 120 års jubileumsgåve frå skisporten.
18 februar 2026 stod desse namna frå Velledalen IL på lista:
TURBIRKEN: Eldrid Myhre, klasse KVINNER
BIRKEBEINERRENNET:
Andreas Nakken, M 20
Sivert Nakken, M 20
Njål Torilson Tyssing, M 40
Øystein Bakke, M 50
Tom Skar, M 50
Fridtjof Fredriksen, M 60
Svein Arne Nakken, M 60
Olav Brunstad, M 70
Frå Stranda IL står to namn på lista. Anders Hellevik i klasse M 40 og Geir Verpeide i M 65. Anders Hellevik er også påmeld i Birkebeinerløpet og Birkebeinerrittet. Med andre ord ein mann som satsar på trippelen.
Hittil er Roger Malvin Hole i klasse M 60 åleine frå Velledalen IL som påmeld i Birkebeinerløpet, men her kan det bli fleire
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.