Trippel Jørgensen under MiniKonrad 2011
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Mar 2026
Sjå Sykkylvsblad-klippet frå MiniKonrad 2011 ført i penn av Arild Leikanger Aure
Utan tvil ein god dag for Jørgensen-trillingane! Trippelsiger til same familie mellom løparane som spring på tid under MiniKonrad er sjeldan kost. Til og med særs gode tider i «gamleløypa» på Brunstad. Vi ser av teksten at Arnt Åge var kring 30 cm føre Robin i mål, men arrangøren har for ordens skuld late det bli sekundet mellom dei, 3.38 mot 3.39. Joakim fekk tida 4.01, medan Dag Ruben Ødegård – local lad frå Velledalen – kom inn som nummer fire, og året var altså 2011.
Vidare seier teksten at alle tre var klare for start i hovudløpet grytidleg morgonen etter. Nettsida har vore inne i Lars Inge Sæther sitt utmerka arkiv for å finne korleis det gjekk:
17.03: Robin Jørgensen
17.49: Arnt Åge Jørgensen
Fullført: Joakim Jørgensen
Med andre ord; ein solid revansje for Robin når distansen vart lenger.
Ser vi nærare etter i statistikken syner den at Robin har lagt bak seg ti Konradløp, medan Arnt Åge og Joakim står med to løp kvar. Som betyr at dei to sistnemnde er kvalifiserte til Konradmedaljen i sølv (tre løp) om dei stiller i 2026. Robin gjorde for nokre år sidan eit særs vellukka come back på løpsfronten som utøvar i Velledalen IL. Han står no med ei bestetid på 15.50 (sett i 2025) i Konradløpet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.