Konradløpet 26: Kan ein ta 04.20-ferga og nå starten ..?

Postet av Atle Jomar Hole den 11. Mar 2026

 

Svaret er JA, sidan Konradløp-starten går klokka 05.15.

 

For kring tre år sidan kom det endringar i ferje-rutene. Endringar som gjorde at det vart SVÆRT KNAPP tid for personar frå nordsida av fjorden om starten skulle vore 05.00 som tidlegare.

 

Tek ein ferga som går 04.20 frå Magerholm, er ein på Brunstad ein stad mellom 04.50 -04.55 om ein køyrer etter fartsgrensene. Går så starten 05.15, vil ein rekke den. Men ein har sjølvsagt ikkje meir tid enn ein treng til oppvarming og andre førebuingar. Med mindre ein svergjer til kald-start.

 

Personen som har retta spørsmålet til Velledalen IL heiter Geir Ove Vedø. I fylgje Lars Inge Sæther sin statistikk har han ni deltakingar i Konradløpet, og skal såleis ha 10 års premien om han stiller i 2026. Han har såpass kvass bestetid som 18.05 – sett i året 2015.

 

Velledalen IL ynskjer Geir Ove – og alle andre frå nordsida av fjorden, varmt velkomne til Konradløpet 1.mai 2026, med start altså klokka 05.15.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.