Velledalen IL 120 år: Birkebeiner-rekord i jubileumsåret!
Postet av Atle Jomar Hole den 16. Mar 2026
Bård Erstad (83) var fyrste VIL-utøvar som fullførte rennet
I 2026 fyller Velledalen IL 120 år. 14.mars dette året kom langrennsgruppa i VIL med ei raus gåve til hovudlaget. Nemleg heile 12 fullførande frå klubben under Birkebeinerrennet 2026, solid ny klubbrekord på deltaking. Med på denne rekorden var fylgjande deltakarar: Sverre Kjerpeset, Olav Brunstad, Øystein Bakke, Jon Espen Nitter Ulvestad, Oda Alette Kjellsbøl Hole, Andreas Nakken, Sivert Nakken, Tom Skar, Fridtjof Fredriksen, Svein Arne Nakken, Njål Torillson Tyssing og Constantin Rust.
Så vidt vi veit var Bård Erstad (83) Velledalen IL sin pioner i Birkebeinerrennet. Bård var mest av alt kjend som ein dugande fotball-spelar. Men då han var komen mot slutten av den karriera, heiv han seg på skisport (og ymse anna). Bård var i klasse M 35-39 då han debuterte for drygt 45 år sidan. Han hadde ein bror, Einar Erstad, busett på Hamar, så Bård hadde base hos han dei renna han gjekk. Og den gongen var det start/mål vekselvis frå Rena/Lillehammer. Bård fekk sterke klasse-plasseringar kvar gong han deltok
Dei fleste år sidan kring 1980 har Velledalen IL vore representerte under Birkebeinerrennet med eit varierande tal deltakarar, frå 0 -7. Før 2026, hadde 2025 rekorden med sju fullførande VIL-utøvarar. Dette året (2025) gjekk Constantin Rust på 2.54.48 og Oda Alette på 3.48.09. Begge deler VIL-bestetider respektive for menn og kvinner under Birken. Vidare tek vi med at Svein Arne Nakken - medrekna rennet i 2026 - har kome opp i fantastiske 30 startar, og at Olav Brunstad (71) så vidt vi veit er eldste VIL-utøvar som har fullført Birkebeinerrennet.
Til slutt slår vi fast: Korkje 2025 eller 2026 har vore krem-vinterar. Men det underlege er at nettopp desse to åra har deltakinga frå Velledalen IL vore størst, med høvesvis sju og tolv fullførande. Korleis skal dette ende i sesongen 26/27 om vi får snø frå november til april?
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.