Anders Westrheim med 16.13 på 5000 meter
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Mar 2026
Vi skriv enno mars månad, men Anders Westrheim sette i dag sin andre personlege rekord for året på 5000 meter baneløp
I dag, under Bislett distanseserie 2026, vart det sprunge 5000 meter utandørs, som enda med klar ny personleg rekord for Velledalen IL sin einaste deltakar under løpet, Anders Westrheim.
I 2025 opna Anders Westrheim 5000 meter sesongen med 16.49 på Bislett. Det var i april. I juni 2025 noterte han 16.30 på same stad, som vart årsbeste. I 2026-sesongen slo han til med 16.26 under sesongopninga i februar, før han altså i dag – 21.mars – pressa tida med til 16.13. Nok eit prov på at karen er inne i ein framgangsrik periode.
RESULTAT BISLETT DISTANSESERIE 2026:
- Said Garaashe Abdullai, SK Vidar, 16.04
- Eskil Engdahl, Torvikbukt IL, 16.11
- Anders Westrheim, Velledalen IL/Upshit Creek, 16.13
- Alexander Kolderup, Koll IL, 16.23
- Vidar Tveit Stenset, SK Vidar, 16.26
- Jonas Tøgard, Team Hvilepuls, 16.28
- Erlend Hellum, SK Vidar, 16.29
- Ola Matre, SK Vidar, 16.50
- Christian Lund Sørensen, SK Vidar/Danmark, 16.59
- Hayden Patrick Elmir, Australia, 17.00
15. Anders Wigdahl, SK Vidar, 17.28
48 deltakarar totalt på distansen
Anders Westrheim sin Strava-kommentar:
- 16.13. Ny pers. Jobber som f… I en god gruppe som veksler på å dra runde for runde. Gøy, men hardt! Løper under 16 i midten av mai
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.