Velledalen IL si trimgruppe 2026
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Mar 2026
Gruppa har ledigplass til vararepresentant. Meld frå til Bjørg F. Hole om du er interessert.
Trimgruppa i Velledalen IL styrer med fleire koselege arrangement. Som Romjulsmarsj, Nyttårs-kjelkrenn, grill-og trimbingo arrangement. Tilstellingar som er vel kjende mellom folk flest. Trimgruppa har også ansvaret for dei ulike treningsaktivitetane for mosjonistar – dei fleste av dei innandør i grendahus-salen.
Alt som har med Velledalen IL sine 15 trimpostar er sett vekk til Nils Terje Skylstad. Tidlegare sat han i trimgruppa, men gjer no ein glimrande jobb som frilansar. Han held alle postane operative og han fører statistikk på kvar einskild post og samanlagt – eit stort og viktig arbeid til fremje av folkehelsa.
Velledalen IL trimgruppe 2026:
Bjørg Frøystad Hole, leiar
Britt Janne Aune
Anne Line Høidal
Lars Even Hatlemark
Inger Anne Brunstad
Torje Hole Bjørneseth
Vara…………………….
Gruppa har altså ledig plass som varamedlem. Om nokon kan tenkje seg jobben – som stort sett består i å gi ei hjelpande hand ved arrangement der nokon av dei faste er fråverande – meld frå til Bjørg Frøystad Hole. Gruppa kan sikkert ha både to og tre varamedlem om fleire skulle melde seg….
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.