Lysnar for Sunnmørsalpane Skiarena
Postet av Atle Jomar Hole den 26. Mar 2026
Full vinter då VIL-nettsida var innom anlegget klokka 11.30 i dag
Då Velledalen IL si nettside var innom Ladalen og kika på forholda – den 26.mars klokka 10.30 – var den møtt av full vinter. Der låg 15 cm med kompakt snø, temperaturen var null grader, og det snøa periodevis tett. Alt av trakkemaskiner og anna materiell stod i ro. Om dette kan redde påska er uvisst, men der burde i alle fall vere eit visst håp. Diverre er ikkje vêrmeldingane særleg gode for den komande påska, men der kan i alle fall vere håp om skitur mellom bygene.
PåskeKonrad er uansett tillyst 1.april – og det er IKKJE aprilsnarr – klokka 10.00, med start frå Brunstad. Hittil har Constantin Rust og Eldar Sindre Valkvæ meldt seg på – noko som kan gjerast på EQ-timing.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.