Skogsvegen Straumsheim: Godt besøkt post

Postet av Atle Jomar Hole den 27. Mar 2026

 

Stor mannfolk-dominans i trimposten skogsvegen Straumsheim

 

Meldaren vår var på posten fredag 27.mars om lag klokka 14.30. Forholda må seiast vere gode. Tøya fyrste delen, og ein liten cm snø siste. Om få dagar vil trimsesongen 2025/2026 vere halvegs, og då vil posten ha passert 800 noteringar. Som vil seie den er mellom dei beste av Velledalen IL sine 15 postar.

 

Posten er som tidlegare nokså mannfolk-dominert. Som før er det framleis eit problem at personar med ganske få turar ikkje gidd halde greie på tal turar. Høgaste tal vi såg mellom kvinner var Inger Fet med ni turar, men der kan vere at nokon har fleire, utan at dei har notert turtalet bak namnet sitt.

 

Her er topp-5 trimposten i skogsvegen Straumsheim:

158 turar: Reidar Fure

139 turar: Einar Fet

  89 turar: Kåre Hunnes

  21 turar: Petter Hole-Drabløs

    9 turar: Inger Anna Fet


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.