Atle Jomar Hole - 70 år

Postet av Ove Inge Skylstad den 29. Mar 2026

Atle Jomar Hole, ei levande legende i Velledalen IL, fyller 70 år søndag 29.mars 2026.

Atle vaks opp i ei anna tid. Ei tid med større barneflokkar og ein rik fuglebestand med trastaflokkar store som myggsvermar på Finnmnarksvidda og vipe og spue var eit vanleg syn på markane.  Hesjene stod lange og talrike på bøane. I elvane var pjakk, laks og sjøkre så talrike at ein kunne gå turskodd over på fiskeryggane. Midt i dette vakre bondelandskapet, der gardane vart driven for fullt, og vaksenfolket tok sin daglege middagslur medan ungane på Hole samla seg til heftige fotballkampar på til dels bratte baner som var beiteland, eller i beste fall dyrkamark med eit mål av hesjastaurar i eine enden. Der vaks idrettsgleda og meistringa av såvel lærkula som skiene og joggeskoene fram. Det meste vart skapt på eigahand, før barnehagane si tid. Ungane vart slept ut om morgonen og sanka inn att på kvelden. Sveitte og slitne etter dagens strabasar. Sommar som vinter. Barnearbeid var vanleg, i alle fall på gardane, og fysisk grunnform kom naturleg på plass. 

Atle i Olagarden på Hole vart tidleg ein samlande person, og Olagarden ein samlingsplass for kameratgjengen der også søstra Bente tidleg tok oss ungane i lære.  Ikkje rart ho valte læraryrket i det vaksne liv. Ho var som fødd til det. 

Atle sitt idrettstalent og organisatoriske talent var der frå barnsbeina av, og har følgt han gjennom heile livet.

Sportslege prestasjonar

Atle har vore ein allsidig idrettsutøvar og utmerka seg såvel i langrenn, friidrett og fotball.  Han kan sjå tilbake på fire KM-titlar i langrenn. Der av kringsmeistar i stafett både i guteklasse, juniorklasse og seniorklasse. I tillegg til ein individuell KM-tittel i langrenn i 1967. Han er raus nok til å dele litt av æra med Torleif Hole som var ein eminent skismørar på den tida. 

Sommarstid var det fotballen og fridretten som stod i sentrum.   Atle har spelt 543 kampar for Velledalen og Ringen fotballag (V.R.F.). Særleg sesongane 1978 og 1979 blir rekna som toppsesongar.  1-0 sigeren over Langevåg i 1978 som førte laget til opprykk og nivå 3 i norsk fotball året etter sit spikra i minnet. 

Friidrett hadde også ei blømingstid i laget i 1980-åra.  Av avisoppslag finn vi Atle Hole sitt namn på alle stafettar laget deltok på i 1980. Og stafettane kom tett som hagl. Det starta med Breimstafetten 4.mai, så følgje Holmenkollstafetten 11.mai, Patchellstafetten 18.mai (her stilte Velledalen IL med to lag, derav eit old boys lag), Sunnylvstafetten 1 juni og KM-stafett i Ørsta 4.juni. Der idrettslaget stilte med to  lag. Eit lag på 4x400 meter og eit på 4x1500 meter. Atle sprang på 1500 meter laget som kom inn til ein fin 4.plass.

Atle har stilt på Velledalen IL sitt lag i Holmenkollstafetten fem gongar, og er stolt over at 1981-laget med fem Holehynar fortsatt har klubbrekorden med 54,42 minutt.

Organisasjonsmannen og den kreative hjerna

Atle kom rett frå militærteneste og vart valt til idrettslaget sin leiar på årsmøtet hausten 1977. Han vart sitjande som leiar til 1981. Han kom tilbake som  som leiar ved årsskiftet 2000/2001 og hadde leiarvervet ut 2016.

Vi kan trygt seie at Atle har hatt eit livslangt engasjement i idrettslaget, der av 20 år som leiar av laget. I perioden mellom leiarverva vart han kapra som leiar av V.R.F. i 2 år på 90-talet. 

Atle har heile tida vore som ein vandrande tenketank med eit oppkome av idear og arrangement. Idèane kom gjerne når eg sat å mjelka, sa han ein gong. 

Atle var primus motor bak oppblomstringa av hestskokasting på 1980 og 1990-talet. Talrike turneringer drog en stadig aukande utøvarskare. Det første uoffisielt NM i hesteskokasting vart halde i Velledalen i 1980 og offisielt NM ti år seinare (9-10. juni 1990). Alt leia på ein framifrå måte av stemneleiar Atle Hole. 

Lista over arrangement med Atle som initiativtakar er lang. Vi nemner:

Romsjulmarsjen (1979)

Konradløpet (2002)

MiniKonrad (2007)

Konrad Ekstrem som vart arrangert to gongar; til Koppen og til gamle hytta ved Brunstadkølen. 

Kakeetarfestival som samla fullt hus (Grendahuset) kvar gong før Mattilsynet sette ein brå stoppar for den.  I staden kom Sildadagen som bydde på eit rikhaldig matbord der sild var hovudingrediensen.

Som drivkraft i V.R.F. drog han i gang dei særdeles populære «Lygarkveldane» på Velledalen Grendahus på 1990-talet. Likeså kom Førjulsmessa til.

Atle Hole har vore eit energikraftverk for dei laga han har leia: Ikkje berre har han hatt kreativiteten og krafta til å gjennomføre arrangement. Han har losa alle arrangement trygt gjennom med sine usedvanlege gode evner som programleiar.   Ja, vi trur lett han kunna vore å finne på tv-ruta i beste sendetid på ein laurdagskveld slik vi eldre var vant til å sjå TandeP og Erik Bye utfolde seg. 

 

Skribenten

Atle har vore ein dyktig formidlar. Han viste tidleg eit brennane engasjement for idrett og idrettsutøvarar (unge som eldre). Velledalen IL fekk sitt eige sportsmagasin Trimmian (1979) der små og store hendingar vart skildra. Sjølvsagt med Atle som primus motor og den ivrigaste skribenten.   Den levande pennen har følgt han gjennom heile livet, og produksjonen har vore enorm. 

Frå ei aktiv tid som sportsreportar for Sunnmørsposten er han no «hoffreportar» for Velledalen IL.med stor produksjon på laget sine nettsider. Her synleggjere han laget sine aktivitetar og utøvarane sine prestasjonar. 

Atle er eit levande leksikon for alt innan idrett og har eit brennande engasjement for sport og Velledalen sitt ve og vel. 

Vi gratulerer jubilanten som fyller 70 same året som idrettslaget fyller 120.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.