Espen halvmaraton på 1.11.24 i Berlin
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Mar 2026

Arkivfoto
Espen Utgård Sæther, vart i dag 29.mars, nummer 62 av 3412 fullførande i klasse M 30.
Vi kan slå fast at Espen Utgård Sæther er tilbake i god fjorårsform. I februar 2026 deltok han i maratonkarusell i Bergen, med 1.21.02 som resultat på halvmaraton. . I dag sprang han i Berlin, i eit litt meir alvorleg løp med knallhard deltaking. Her kom Espen inn på sterke 1.11.24 – nummer 169 av alle, og nummer 62 av 3412 fullførande i klasse M 30. Og altså nær ti minutt raskare enn på holka i Bergen i februar.
På Strava skriv Espen: BERLIN HALVMARATON 1.11.24
- Usikker på både opningsfart og om beina ville stå distansen. Gjekk heldigvis overraskande lett. I tospann med ein snakkesalig danske mesteparten av løpet. Over forventning så kanskje mogleg å kome ned mot pers igjen!
Og Espen sin pers – som også er klubbrekord på distansen for Velledalen IL – lyder på 1.09.16, notert i Malaga i mars 2025.
Samstundes gratulerer vi Runa Grimstad Langdal med flott debut på halvmaraton. Ho la hundrevis av kvinner bak seg og kom inn på 2.13.20. BRAVO!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.