Runa Langdal sprang seg opp 1167 plassar frå 5 km til målpassering Runa Langdal debuterte på distansen halvmaraton i Berlin palmesundag 29.mars. Ho kom inn på tida 2.13.20. Ei heilt grei debutanttid, men ser vi på løpsdisponeringa kan ein ikkje anna enn bli storleg imponert. Her kjem nokre nøkkeltal frå løpet: Ved passering 5 km låg Runa som nr 10 798 av alle kvinner. Km-tida på fyrste 5 km var 6,27 per km Ved passering 10 km var Runa nr 10 430 av alle kvinner. Farta mellom 5-10 km var 6,23 per km 15 km vart passert som nummer 10 129. Farta mellom 10-15 km var framleis 6,23 per km Mål etter drygt 21 km vart passert som nr 9631 av alle kvinner ( i eiga klasse vart Runa nummer 2349). Kilometerfarta mellom 15-21 km var 6,09. Altså: Runa Langdal sprang seg fram 1167 plassar frå 5 km til mål (berre kvinner medrekna). Og farta auka frå 6,27 per km på fyrste 5 km, til 6,09 per km på siste 6 km. Eit klart prov på at Runa har mykje meir inne. Disponeringa til halvmaraton-debutant, Runa, var rett og slett imponerande denne gongen. Vi gratulerer !! Og legg til at Runa sin «bestis», Espen Sæter, brukte 1.11.24 på sin halvmaraton. Så langt i 2026 årsbeste i Velledalen IL. Espen vart vidare nummer ni av 566 nordmenn som fullførte i Berlin. Og klart best frå Møre og Romsdal.
|