Velkomen til PåskeKonrad !
Postet av Atle Jomar Hole den 31. Mar 2026
Fellesstart i morgon – 1.april - klokka 10.00 frå Brunstad (ved tidlegare Nærbutikken).
Deltakinga ser ut til å bli god. Tidlegare år har det vore påmelding frå klokka 09.00, løpsdagen. Det vert det også i morgon, 1.april, i tillegg til at det for fyrste gongen er mogleg med førehandspåmelding (gjennom EQ-timing). Arrangøren håper flest mogleg gjer det siste, då dette vil lette arrangementet ein smule, og vi får ein viss peikepinn på kor mange som kjem.
Vêret under eit så vidt kort løp som PåskeKonrad, spelar ikkje all verdas rolle. Meldingane for Brunstad(start/mål) 1.april klokka 10 lyder slik:
Litt regn, svak vind frå sør med vindkast på 10 meter i sekundet, og åtte plussgrader.
Seinare på dagen skal temperaturen stupe, samstundes med at vinden dreier på nord og nedbøren skal auke. Truleg vert det då snø.
Klokka 15.00 i dag hadde åtte personar meldt seg på gjennom EQ-timing. Det indikerer god deltaking. «Årets Utøvar 2025», Constantin Rust, er alt påmeldt. Det same er ein av dei skarpaste veteranane i kongeriket Noreg i klasse M 65-69, Eldar Sindre Valkvæ.
Det vert mogleg å dusje/ få på tørre klede etter løpet på Tandstad skule - same stad vert det halde ei lita «Etter-løpet» samkome, vert det meldt frå arrangørhald.
Uansett fart – her er alle hjarteleg velkomne!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.