Endeleg ei gledesmelding frå Velledalen

Postet av Atle Jomar Hole den 1. Apr 2026

 

Ti nye arbeidsplassar i dette bygget om kort tid.

 

Det er no klart at bygninga som tidlegare husa Lade Møbelfabrikk, i slutten av mai månad vert velledalingane sin nye daglegvarebutikk, under same kjede som tidlegare. Arkitekt Svein Skylstad, med base i Trondheim, har sidan nyttår jobba stødig med planane for ein butikk med golvflate på kring 250 kvadratmeter. Opningsdato vert kunngjort seinare.

 

Initiativtakarane er ein venegjeng gutar frå Brøvoll/Hole som i slutten av 1960-talet og starten på 1970-talet gjekk under nemninga «Holemafiaen». Ikkje fordi dei gjorde så mykje gale – unnateke litt tjuvfisking og eggsanking – men fordi dei heldt saman i tjukt og tynt. Og planane stikk djupare enn berre ny butikk:

 

      Kanskje viktigare enn butikk, er venteplassen for ferdigbehandla pasientar frå Sykkylven ved ulike sjukehus. Fire romsleg rom er avsett til føremålet. Nyleg kom det fram i Nyss at Sykkylven hadde mellom 700-800 slike liggjedøgn i året, berre i Ålesund. Til ein døgnpris like under 6000 kroner. Sykkylvsordførar, Olav Harald Ulstein, har eigenhendig underteikna ein avtale om ein døgnpris på 3999,- på Lade – alt inkludert, medan ein ventar på overføring til BUAS.

  • Dette er så rimeleg at eg treng ikkje ta det opp i kommunestyret ein gong, seier han i ein kommentar til Velledalen IL si nettside.
  • Det er faktisk så rimeleg at eg kunne tenkt med å ha eit slikt rom «på vent»sjølv, i tilfelle….

 

Bjørn Asle Lade og Kai Skylstad er tilsette som kokkar i føretaket:

  • Her vert det saftige middagar kvar dag, basert frå råvarer frå hjort og kalkun, som vi har best kjennskap til og kunnskap om. Dessutan har vi fått dispensasjon frå fiskeforbodet i Fetvassdraget, slik at vi med jamne mellomrom kan drage på land feite elvakræ som vil bli nytta i kosthaldet.

 

Rekreasjons-tilbodet vert variert. Det er kort veg både til Fjellsætra og Strandafjellet, men det er meir nærliggjande å tru at turtilbodet vert på andre sida av elva – i Holemarka. Her er det godt tilrettelagt for skiturar, fotturar, og eit noko meir eksklusivt innslag; hoggorm-safari. Velledalen IL sin trimpost ved sætreelva i Holemarka ligg berre 2,2 km unna (tur/retur) – ein kort tur for dei friske, men det kan vere ein dagstur for menneske som slit med helsa. Det er avtala med tidlegare «husstell-lærar» Målfrid Lødøen, at ho i samarbeid med Bjørg Frøystad Hole og Liv Nordli Hole, vil bemanne ein matstasjon i Holemarka kvar dag sola skin.

 

Vidare vil bygget huse det største ved-lageret, og utsalet, i Nyss sitt dekningsområde. Her vil lokale bønder vere leverandørar og drivarar. Aage Lade bur berre eit steinkast unna, og sidan initiativtakarane har lova han eit nytt flygel til 400 000 kroner, har han lova 52 minikonsertar i året så lenge helsa held.

    Til slutt nemner vi at ei gruppering for tida arbeider med det som er hovudproblemet for både Stranda og Sykkylven. Nemleg det faktum at befolkninga i begge kommunar langt på veg har mist evna til å føde born innafor eigne grenser. Her må hard lut setjast inn i form av tiltak og undervisning, og det er ikkje unaturleg at Senteret for ei intensiv nysatsing på dette feltet ligg i øvre del av Velledalen, nettopp på Lade.

 

Hole-mafiaen frå 1970 slik den ser ut i 2026


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.