Det va litt av ei følelseslada stund på årsmøtet i Velledalen IL 💙
Postet av Ann-Helen Hole den 4. Apr 2026
Her kjem ei solskinshistorie på ein tung dag del 2
Nestleder Atle Hole valgte å trekke seg frå styret, og like etter kom beskjeden om at friidrettsleiar Alf Petter Bøe også gav seg i leiarrolla. Eg skal vere ærlig – der og då kjente eg meg ganske aleine… Samtidig blei eg valgt inn i styret, og det vart mykje å ta innover seg på ein gong. Bjørn Arve var også på møtet og vart like paff.
Men det betyr ikkje at dei er vekke! Atle held fram som rein redaktør for VelledalenIL.net, og Alf Petter er heldigvis fortsatt med i friidrettsgruppa – men vi mangla ein leiar.
Dagen etter, på veg til Måløy med min Giørtz-semi, tok eg først ein telefon til Bjørn Arve. Vi var fortvila og skjønte at vi måtte finne ei løysing. Etterpå ringte eg til Henning. Ein god prat, slik berre gode gamle kompisar kan ha. Og det var akkurat det som skulle til

Henning stilte opp – utan å nøle. Han tek no over som friidrettsleiar. Han var klar, og eg skal bidra så godt eg kan. Då kjente eg det… ein liten klump i halsen. For det er noko eige med slike vennskap – dei sviktar aldri

No ser eg framover med ny giv. Klubben og friidrettsgruppa står sterkare enn på lenge!
Her her kjem han – Henning ! vår nye friidrettsleiar
Hilsen Frode
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.