Vårdilten i Ålesund onsdag 8.april
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Apr 2026

4,3 kilometer langt mosjonsløp der ALLE kan delta.
Vårdilten vart fyrste gong arrangert i 1984, den gong under namnet Teledilten. Løpet på 4,3 km er det nest eldste i Ålesund. Berre Blodslitet i Fagerlia er eldre
Gjennom åra har Vårdilten hatt sine trufaste tenarar. Øvst på lista over deltakarar, med 29 løp, finn ein evigunge Per Jan Helseth og Thorvald Jacobsen.
Her er tala for Velledalen IL sine utøvarar:
6.løp:
Fridtjof Fredriksen, Svein Arne Nakken, Jan Ketil Vinnes og Sivert Mosby Nakken
4 løp:
Bjørn Arve Brune
3 løp:
Frode Mauren, Irene Mork, Andreas Mosby Nakken og May Evy Nesheim
2 løp:
Per Inge Bjørnestad og Rolf Haxthow
1.løp:
Frank Andersen, Alf Petter Bøe, Jon Hjortdal, Stian Mork, Anita Mosby Nakken, Tom Skar, Henning Tandstad, Stig Marius Vestnes, Ludvig With og Olaf Øien.
I alt 21 løparar frå Velledalen IL hittil. Då VIL-nettsida sjekka deltakinga 5.april 2026, stod der 18 namn på lista, klare for deltaking onsdag 8.april. Mellom dei vår eigen Eldar Sindre Valkvæ i klasse M 65-69. Truleg får han selskap av fleire. Med løpet komande onsdag er den seriøse delen av løpssesongen i gang. Då kjem løpa tett som hagl, og komande helg vert Velledalen IL sitt klubbnamn å finne både under Høyanger Bakgårdsultra (Hilmar Kråkenes), Drammen 10 km (Constantin Rust og Anders Westrheim) og Atlanterhavsløpet (Alf Petter Bøe og Sverre Kjerpeseth)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.