70-åring: Tusen, hjarteleg takk!

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Apr 2026

 

Eit snev skremande, men heilt ufarleg å bli 70..

Tusen, hjarteleg takk for all merksemd i samband med 70 års dagen min 29.mars, anten det var:

-Gode ord og helsingar

-Kaker og gåver

-Scene- og musikkinnslag

- Opplegg og regi til den delen eg var uvitande om!

 

 

Foto: Svein Bjarte Skylstad

På fotoet er eg saman med to gode grannar, Ole L. Hole og Oddmund Skylstad. Begge fødde i 1923 og begge inspirasjonskjelder til at hesteskokasting vart idrett i Velledalen heilt på slutten av 1970-talet. Legg merke til knebøyen! Fotoet er frå Knut-tunet på Hole, fast samlingstad alle sundagar vår-, sommar-, og haust med lagleg vêr/temperatur.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.