Ein krumtapp har forlate oss

Postet av Atle Jomar Hole den 9. Apr 2026

 

Lagkameratar minnest Sigbjørn Fet med takksemd!

 

Frå slutten av andre verdskrigen og nokre tiår framover, var Fet-grenda Idretts-Mekka i Velledalen. Her budde det - og voks opp – flinke alpinistar, skihopparar, løparar og fotball-spelarar. Karar som vart rollemodellar for dei som kom etter. Særleg fotballen, og VRF spesielt, fekk hauste av desse fruktene.

 

Personleg minnest eg ein kamp i 1.runde i NM-cupen mot Molde i 1973. Kampen gjekk på gamle Molde stadion. Eg var der som læregut, på VRF sin innbytarbenk. Som skikk og bruk er, vart gjestane si lagoppstilling lesen opp av «speakeren», som den fyrste. Det opna med ein Alnes mellom stengene som nummer 1 (hugsar ikkje om det var Leiv eller Bjarne). Så kom dei på rekkje og rad: 2 Odd Kåre Fet, 3 Ole Jostein Fet, 4 Sigbjørn Fet, 5 Nils Fet, 6 Einar Fet…. Då byrja publikum flire.

 

Nokre år seinare kom Øyvind Fet og Pål Rune Fet inn som nye namn på VRF sitt A-lag. Altså sju sterke A-spelarar frå Fet-grenda i tiåret 1970-1980 som vart VRF sitt beste gjennom dei 50 leveåra laget fekk.

 

Sigbjørn Fet var låg av vekst til midtstoppar å vere. Men han hadde fin spenst og vart langt frå ueffen i luftrommet framfor mål. Beina gjekk som trommestikker, som betyr at farta var god. Han las spelet godt og var såleis ein dyktig «oppryddar» for utspela sidebackar, ved slike behov. Hans sterkaste side, og det som gjorde han vidgjeten og frykta, var likevel glide-tacklingane hans. Desse kom særleg til sin rett på såpeglatte grasbaner. Sigbjørn kom ofte i stor fart, gjekk tidleg ned, og kom siglande inn mot «målet» (ballen) frå sida. I stordomstida traff han nesten alltid. Og gjorde han ikkje det, slik at han tok både mann og ball, skapte det alltid god stemning mellom tilskodarane.

 

Sigbjørn sine beste tiår som fotballspelar var 1960- og 1970-talet. Men han glimta likevel til med eit seint come back, og var i 1981 i VRF-troppen som var på treningsleir i Ebeltoft (danmark) under Per Rich. Hunstad (trenar), Svein Welle (oppmann) og Sverre R. Langhaug (kjemikar). Sjå foto – Sigbjørn som nummer tre framme frå venstre.  Sigbjørn var ein typisk forsvarspelar, som fann seg best til rette som stoppar, men han greidde seg også heilt fint som sideback.

 

Mange av Sigbjørn Fet sine lagkameratar vil nok finne vegen til Sykkylven kyrkje fredag 17.april klokka 13.00, der bisetjinga vil finne stad. Til eit siste farvel med ein respektert lagkamerat. Som har sett fotavtrykk både på Dalemyra, Slettegjerde og i VRF si historiebok. Takk for minna, Sigbjørn – TAKK!

 

Atle Jomar


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.