Vert det ny klubbrekord i helga?
Postet av Atle Jomar Hole den 10. Apr 2026
Velledalen IL sine løparar konkurrerer denne helga i Høyanger, Drammen og på Nordmøre.
HØYANGER:
Her vert Høyanger Bakgårdsultra arrangert. Arrangør er Høyang IL, med i overkant av 100 deltakarar. Frå Velledalen IL stiller Hilmar Kråkenes, ein kar som har skaffa seg erfaring frå slike løp frå hausten 2025. Då kom han på 2.plass totalt både på Åndalsnes og i Volda. Hilmar vil hevde seg i øvre sjikt også i Høyanger. Løpet har fyrste start klokka 08.00, og vidare ny start kvar heile time utover heile dagen. Heia Hilmar!
DRAMMEN:
Det er her det kan bli ny klubbrekord på 10 km. I alle fall har Constantin Moses Rust antyda at han vil prøve seg på rekorden. Ein rekord han sjølv har, og som lyder på 31.05. Feltet i Drammen er stort og godt med tusenvis av løparar, så kven veit. Ein annan VIL-kar som går i rekord-tankar om dagen er Anders Westrheim. Han kom som eit skot mot slutten av fjorårs-sesongen. Fyrst ny personleg rekord under Hytteplanmila på 33.59, før han pressa persen ned til 33.50 under eit løp på Jessheim. I Drammen har han ny personleg rekord som mål. Nettsida vert ikkje overraska om han greier det. Til start i Drammen stiller også VIL-venen Eirik Riisnæs, ein kar som på papiret kan verte ein fin match for Anders Westrheim. Eirik spring for Horten Løpeklubb, og arrangør i Drammen er Nærsnes Løpeklubb.
ATLANTERHAVSLØPET:
Eit populært løp på Nordmøre med stor deltaking. Arrangør er Averøy Løpeklubb. Distansane er 10,5 km og 21 km. Her hadde Velledalen IL to påmelde. Alf Petter Bøe, M 55-59, på 21 km og Sverre Kjerpeset, M 40-44 på 10,5 km. Her må diverre Alf Petter kaste inn handkleet grunna skadeproblematikk, men vi reknar med at Sverre stiller. Diverre som den einaste frå vår klubb. Atlanterhavsløpet går fyrst sundag 12.april.
Og kanskje er det aktivitet andre stadar med VIL-utøvarar i aksjon. Kven veit…
Elles nærmar det seg MiniKonrad (26.april) og Konradløpet (1.mai), så ingen bør liggje på latsida i finevêret.
GOD HELG!
Resultata finn ein på Nettsida i løpet av helga
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.