Konradløpet 2026: Viktig brikke vil mangle

Postet av Atle Jomar Hole den 10. Apr 2026

 

I år har «Konradløpet sin far» gyldig grunn for ikkje å delta.

 

Konradløpet vart til som ei direkte årsak av ein film vist under gravferda til Konrad Brunstad i år 2000. Der vart for fyrste gong Odd Kvammen sin film om Konrad vist. Ole Petter Berge var i gravferda og melde tilbake til Velledalen IL på bakgrunn av det han hadde sett, at «Konrad skulle eigentleg hatt sitt eige løp». Og det fekk han. Fyrste gong i 2002 med 195 deltakarar.

 

Odd Kvammen var raus og gav ein film til Velledalen IL, slik at filmen kunne visast under kvart løp. Og filmskaparen sjølv, Odd Kvammen, har vore i Velledalen under mest alle løpa. Han fekk 20 års premien i 2025. Den er høgthengande. Så høgt at berre fire personar er kvalifiserte til prisen om dei stiller i 2026.

 

Men i år melder han at han diverre ikkje kan kome, då arrangementet kolliderer med konfirmasjon av eit barnebarn på Tromøya, utanfor Arendal. Og det er sjølvsagt 100 prosent god grunn til ikkje å stille.  Men vi trur, og håper, at Odd vil vere med oss i tankane om morgonen 1.mai, også dette året.

Uansett er Velledalen IL takksame og litt stolte over det vi har fått til i samarbeid med Odd Kvammen i åra etter 2002.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.