Kva fortel Drammen om superveteranane våre….
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Apr 2026
Jan Ketil, Bjørn Arve og Eldar Sindre var ikkje i Drammen, men alle dei og fleire til kunne vore der.
Alle som fylgjer med på løpsbølgja i Velledalen IL veit at mange utøvarar trenar godt. Somme neste FOR mykje, og må slite med skadeproblematikk over tid. Nettsida har sett på nokre få av veteranane våre, kva dei nyleg har levert, og kva tidene i deira klasse i Drammen vart:
JAN KETIL VINNES, M 55-59:
Jan Ketil leverte i mars månad 2026 tida 37.18 under siste løpet i Vinterkarusellen i Ålesund. Hadde Jan Ketil levert same tid i Drammen, hadde det halde til 8.plass i klasse M 55-59. Men truleg hadde Jan Ketil sprunge raskare enn 37.18 i Drammen då løypa der er langt lettare enn Vinterkarusell-løypa i Ålesund. Vi nemner i same rennet at utflytta strandar, Per Kåre Langlo, sprang på 36.15 i Drammen (M 55-59) og vart nummer fire, fattige to sekund unna 3.plassen.
BJØRN ARVE BRUNE, M 60-64:
Sprang i februar mila i kontrollmålt løype under 4.løpet i Ålesund vinterkarusell på 41.36. Ei tid som halde til 7.plass i klassa i Drammen. 5.plassen i Drammen gjekk på 40.38, ein plass Bjørn Arve ganske sikkert hadde kapra sidan nok ein gong: løypa i Ålesund har meir stigning enn i Drammen, og forholda i Drammen var generelt betre enn under vinterkarusellen i Ålesund i februar.
ELDAR SINDRE VALKVÆ, M 65-69:
Eldar Sindre sprang mila under mars-løpet i vinter-karusellen i Ålesund på 42.10. Tredjeplassen i Drammen i går i same klasse hadde 42.44. Mykje skulle altså gått gale for Eldar Sindre om han ikkje kunne reist heim med ein gjev 3.plass i klasse 65-69. Altså ein ny sikker topp-10 plassering
Dette var tre meir eller mindre tilfeldig valde veteran-toppar. Njål, May Evy og Elisabeth kunne også alle vore topp-10 i sine klasser. Poenget er at vi må ikkje sjå oss blinde på seniorane og heilt gløyme veteranane. Eksempelvis kan det nemnast at Kristian Nedregård, klubblaus utøvar frå Ålesund, i går sprang mila i Drammen på 33.18. Det heldt til 2.plass i klasse M 50-54.
Fridrettsgruppa i Velledalen IL, no med Henning Tandstad i spissen, har uendeleg mykje og mange å vere stolte av, i Velledalen IL sitt jubileumsår 2026 (120 år) .
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.