Atlanterhavsløpet 2026: Flott prestasjon av Sverre!
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Apr 2026
Glimrande av Sverre Kjerpeset – nummer fire i klasse M 40-44 under Atlanterhavsløpet 10,5 km
Atlanterhavsløpet, arrangert av Averøy Løpeklubb sundag 12.april, samla stor deltaking. Utøvarane kunne velje mellom to alternative distansar, 10,5 km eller 21 km. Alf Petter Bøe var påmeld halvmaraton-distansen, men måtte melde avbod. Dermed vart Sverre Kjerpeset einaste deltakar frå Velledalen IL, og distansen hans var 10,5 km.
Og det gjekk slik:
RESULTAT M 40-44, ATLANTERHAVSLØPET 10,5 KM:
- Einar Raknes, Ekko/Aureosen IL, 30.02
- Roy Karlsen, Hitra Løpeklubb, 41.12
- Roger Espvik, IL Norodd, 43.14
- Sverre Kjerpeset, Velledalen IL, 43.41
- Aleksander Rise Gallala, Frei, 47.53
- Jan Ove Moen, Molde, 48.44
- Mudde Navaratnam, Nordbyen Sportsklubb, 49.50
- Anton Niklasson, Sve/Kyrksæterøra, 50.32
- Jan Ragnvald Eide, Elnesvågen & Omegn, 50.58
- Frode Einarsen, Bergen, 51.15
23 påmelde i klassa – 16 fullførande
Sverre Kjerpeset seier fylgjande om løpet i ein kommentar:
- Meget fornøyd med løpet. Ca 1 minutt og 20 sekund bak fjorårs-rekorden. En del vind og litt krevende forhold. Men det holdt til en topp-25 plassering av totalt 270 deltakere, og en 4.plass av 16 fullførende i klasse M 40-44. Så dette lover fint for vidre trening frem mot KM halvmaraton på Vartdal i mai.

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.