Koldabakken Grand Prix: Vert arrangert 19.april
Postet av Atle Jomar Hole den 16. Apr 2026
Velkomen til eit kort, men intenst motbakkeløp!
Kva er så Koldabakken Grand Prix…? Jau, det er eit kort, intenst motbakkeløp på kring 400 meter. Etter løypeomlegginga for nokre år sidan, startar løpet med kring 100 meter etter ganske så flat grusveg. Mest så ein kan føle at det går lett. Men så bryt ein av til høgre, og det berst ut i terrenget. Fint underlag på beitemark, men bratt. Alle tidlegare løparar i dette løpet veit kva det vil seie å få «syre» i låra. Kanskje andre stadar også. Og etter kryssing av mållina – på Kolda ovanfor Holegardane - er det heilt normalt å tenkje: «Eg fattar ikkje at eit så kort løp kan slå meg så totalt ut». Å delta i Koldabakken Grand Prix er god lærdom for alle….lærdom om korleis kroppen strittar mot når ein pressar i hardaste laget. Lærdom om at ein kjem til hektene att berre ein får litt tid på seg.
START: Ved Skylstad sin gard – siste garden før vegen går frå asfalt til grus.
PÅMELDING: Frå klokka 15.30.
INTERVALL-START: Fyrste start 30 sekund over klokka 16, så ny start kvart 30.sekund.
STARTKONTINGENT: Kr 50,- per person/kr 100,- per familie.
TRAKTERING: Sveler, saft og kaffi er inkludert i startkontingenten.
PREMIERING: Slik friidrettsgruppa finn det rett.
Det er vidare mogleg med deltaking i trimklasse utan tidtaking. Då er det ynskjeleg at utøvarane der startar litt tidleg, slik at ein kan heie fram som er inne i ei lita «krise» i det tyngste partiet
Velledalen IL ynskjer alle velkomne til Koldabakken Grand Prix 2026!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.