Sundag 19.april: Romsdal 5/10/halv

Postet av Atle Jomar Hole den 18. Apr 2026

 

Fire kvasse VIL-utøvarar spring halvmaraton i Romsdal.

 

Fredag klokka 20 00 hadde drygt 50 løparar meldt seg på til Romsdal 5/10/halv som vert arrangert sundag 19.april Påmeldingslistene viser at fire VIL-utøvarar er påmelde, nemleg fylgjande:

M 65-69: Eldar Sindre Valkvæ

M 45-49: Hilmar Kråkenes

M 40-44: Sverre Kjerpeset

K 35-39: Malin Berge

 

Fire skarpskodde utøvarar som fort gjort kan kome heim med fire klassesigrar. Tøft av Hilmar å stille, berre ei veke etter å ha lagt bak seg 64 km under Høyanger Backyard Ultra. For Malin og Sverre vert det ein fin halvmaraton-test før KM på Vartdal i mai, der begge er påmelde. Malin si bestetid frå København kan vere i fare om ho får høveleg drahjelp. Eldar Sindre er mellom dei kvassaste i M 65-69 på landsbasis, og er nok på jakt etter ei sterk tid om forholda vert gode.

 

Kanskje vert fleire VIL-løparar påmelde i siste liten, men uansett vil resultata for alle våre løparar kome på nettsida i løpet av sundag ettermiddag

Nettsida ynskjer lukke til på romsdalskysten!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.