25.og 26.april: Stor idrettshelg
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Apr 2026
MiniKonrad er hovudarrangementet, men VIL har deltakarar både på Valderøya, Oslo, Gøteborg og kanskje Bergen
Mange skal i aksjon for Velledalen IL denne helga:
25.APRIL:
Valderløpet: Har var Jan Ketil Vinnes og Frode Mauren påmelde alt tidleg på dag i går. Kan bli fleire
Sentrumsløpet i Oslo: Stort BUL-arrangement der i alle fall Anders Westrheim stiller på 5 km. Kan bli fleire.
Fjordkraft Bergen City Maraton: Uvisst i skrivande stund om VIL har med løparar
Tough Viking Gøteborg: Her er det knytt spenning til Anette Heimli Jokstad sin sesongdebut.
Orienterings-KM, sprint, Molde: Her er ikkje VIL representerte (sjå eiga sak), med mindre nokon vert påmelde etter fristen.
26.APRIL:
MINIKONRAD: Velledalen (Dalemyra)
Påmelding frå klokka 11.45 i Velledalen grendahus. Starttidspunkt:
12.30: Start årsklasser 2021-2026 – 350 meter, inga tidtaking
12.45: Start årsklasser 2016 – 2020 – 700 meter, inga tidtaking.
13.00: Start årsklasser 2010-2015 – 700 meter, tidtaking
ALLE DELTAKARANE VERT PREMIERTE!
Open kafe i grendahuset under heile arrangementet
Høve til å melde seg på Konradløpet (hovudløpet) som vert arrangert 1.mai med start kl 05.15
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.