Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Apr 2026

Arkivfoto frå Påskekonrad 2026
Hermann Furland sprang heilmaraton på 4.26.11
Vi er ikkje sikre, men trur Hermann Furland var debutant på heilmaraton. Ein tøff stad å debutere, men heilt sikkert nyttig for Hermann som er påmeld lengste distanse (95 km) under Stranda Fjord Trail Race komande sommar. Berre heilt mot slutten steig km-tida ein grand, elles solid gjennomført.
LITT OM DEI ULIKE AKTØRANE I BERGEN:
HEILMARATON:
Hermann Furland, Velledalen IL, 4.26.11 – nr 437 av 587 startande i M 23-34
HALVMARATON:
Tomas Tandstad, Velledalen IL, 1.55.26 – nr 543 av 876 i klasse M 35-39. Eller enno meir imponerande nr 4896 på halvmaraton av totalt 10733 startande. Det skal ein debutant vere nøgd med.
Marte Langlo, Velledalen IL, 2.11.33 – ny pers. Nummer 286 av 515 i K 35-39. Totalt slo ho nesten 3000 av deltakarane på halvmaraton. Solid gjennomføring!
Jørn Strømmegjerde, Noteam, 2.03.12 – nr 667 av 876 startande i M 35-39.
Stian Hole, Velledalen IL, 1.28.25 – nr 11 i klasse M 50-54, ei plassering han hadde på alle meldestasjonar. Nær eigen pers, som han tar kva dag som helst i ei lettare løype.
BARNELØP: Tea Tandstad, Velledalen IL, 11.25 på 2 km. På grunn av ung alder vert ikkje plassering gitt opp.
STRAVA-KOMMENTAR, Bergen City Maraton, STIAN HOLE:
- Offisiell tid 1.28.25. Godt fornøgd i ei tøff løype. Ser ut for at eg er i rute.
STRAVA-KOMMENTAR MARTE LANGLO:
- Gjekk over all forventning. Veldig gøy med super stemning i byen og supersnille Cecilie T som sprang i lag med meg. 10 av 10 bortsett frå ein legg som klikka og gnagsår under foten.
- No e det rett på spa.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.