To VIL-veteranar sprang Valderløpet

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Apr 2026

 

Jan Ketil klassevinnar i M 55-59, Frode nummer to i M 50-54

 

Stor deltaking i Valderløpet og flotte prestasjonar av Jan Ketil Vinnes og Frode Mauren som var åleine om å representere Velledalen IL. Totalt sett vart Jan Ketil nummer sju og Frode nummer 21, men ein kan ikkje vente at veteranar på godt over 50 år skal fylgje seniorløparane. Løypa i Valderløpet er 8,7 km.

 

Dei beste total i Valderløpet 2026:

  1. Lasse A. Finstad, Ålesund FIK, 28.26
  2. Marcus Megrund, Valder IL, 30.21
  3. Karl Idar Vik, Syvde IL, 31.32
  4. Erik Henriksen, Noteam, 31.43
  5. Mathias Røsberg Mauren, ÅFIK, 32.08

 

M 50-54 – 8 deltakarar:

  1. Jan Fredrik Nordstrand, 34.02
  2. Frode Mauren, Velledalen IL, 35.34
  3. Jan Erik Nerbøvik, Aukra SK,  38.16

Som vi ser god margin ned til 3.plassen for Frode.

 

M 55-59 – 8 deltakarar:

  1. Jan Ketil Vinnes, Velledalen IL, 32.42
  2. Tor Helge Kristiansen, 41.18
  3. Svein Oskar S. Nedregård, 41.56

Som vi ser var sigeren til Jan Ketil aldri truga.

 

Beste kvinne i løpet vart Maria Ulla, Valderøya på tida 36.36

 

STRAVA-KOMMENTAR, FRODE MAUREN - VALDERLØPET 2026:

  • I vinter-, sommar-, vår og haust. Litt rusten enda etter langvarig skade, men kroppen trengte dette. Kjekt uansett og tradisjoner er til for å følges

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.