Christina prøvde backyard-konseptet på Hell
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Apr 2026
Hoppa av etter 33,5 km medan leiken enno var god.
Christina Linnea gav seg etter fem rundar. Då hadde ho sprunge kring 33,5 km og brukt fire timar, tolv minutt og 15 sekund. Om ikkje anna ei særs god treningsøkt for Christina, som er påmeld Oslotrippelen (73,3 km) komande haust i Oslo.
STRAVA-KOMMENTAR CHRISTINA HOLMBERG: Hell backyard
- Klarte målet for dagen: ha det kjekt og gi seg medan leiken var god. Korsrygg og bekken er dessverre lite begeistra for joggeturar over 12-15 km. Så her må nok litt styrketrening til. Litt kjedeleg når resten av kroppen kjennest veldig pigg ut, og kunne truleg halde på ganske mykje lenger. Men alt i alt ein kjekk dag og artig å prøve backyard-konseptet! Og kjekt å jogge med Rebekka Jenssen, som heiv seg på rett før, og tok utfordringa på strak arm. Rått!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.