Åtte sprang på tid under MiniKonrad 2026
Postet av Atle Jomar Hole den 26. apr 2026
Sjå kven som sprang på tid under MiniKonrad 2026
Åtte utøvarar, fire gutar og fire jenter, sprang den kring 700 meter lange løypa på tid under dagens MiniKonrad i Velledalen. Utøvarane som hadde tidtaking var i aldersgruppa 11-16 år, og det gjekk slik:
3.17: Tiril Hatlemark (2013)
3.29: Henrik Hatlemark ( 2015)
3.01: Alette Carine Ekornes Skrede (2013)
3.25: Alva Brunstad Leirmo (2013)
4.08: Liam Skog Sve (2015)
4.07: Tobiasz Janiak (2015)
3.15: Oliver Henriksen Garli (2015)
3.30: Sara F. Brustuen (2014)
Verdt å merke seg: Alle deltakarane var i alderen 11-13 år. Tidene skal ein ikkje legge all verda i, sidan utviklinga for born kan vere ulik, og stor, i løpet av to år. Men premiane for bestetider gjekk til Alette Carine Ekornes Skrede (jente) og Oliver Henriksen Garli (gut). Velledalen Montessoriskule vart «skulevinnar» med fire deltakarar, Aure barneskule tre, medan Sørestranda skule hadde med totalvinnaren som einaste utøvar. Dei tre eldste årsklassene (14 – 16 år) var ikkje representerte, som betyr at Sykkylven Ungdomsskule var fråverande.
Deltakarar etter alder:
2015 (11 år) hadde 4 utøvarar
2014 (12 år) hadde 1 utøvar
2013 (13 år) hadde 3 utøvarar
2012 (14 år) hadde 0
2011 (15 år) hadde 0
2010 (16 år) hadde 0

Logg inn for å skrive en kommentar.