Mot folkefest i Velledalen 1.mai

Postet av Atle Jomar Hole den 27. apr 2026

 

Velledalen IL fyller 120 år og deltakarane strøymer til

 

Meteorologane melder fantstisk vêr, og deltakarane strøymer til. Vi har passert 150 påmelde, og vanlegvis plar påmeldingstalet to døgn før løpet doble seg. Som betyr vi vil passere godt over 300 deltakarar. Det er venta særleg mange frå Stranda kommune dette året, der har løpsbølgja slege inn over land. Og det nyt venteleg Konradløpet godt av.

 

Konradløpet jubilerer ikkje i 2026, men Velledalen IL gjer. Korleis Ove Skylstad og hans menn og kvinner i VIL-styret vil markere dette vitast ikkje, men rykta seier det vert både egg og røykalaks til frukosten. Elles vert det tradisjonelt opplegg, mellom anna med Konrad-filmen og raus premiering generelt

 

Det som likevel er sikkert er at Konradløpet sine «tre største gjennom alle tider» er påmelde. Ein trio som har fire sigrar kvar i løpet. Namna  er:

Hilde Riksheim Tandstad (for tida Oslo)

Ragnhild Fjærestad (Vik i Sogn)

Nils Terje Skylstad (Velledalen).

 

Ingen har tre sigrar, medan desse utøvarane står bokført med to sigrar:

Knut Lium, Nordre Land

Ebrahim Abdulaziz, Strindheim IL - løyperekordhaldar herrar med tida 13.30

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL

Jan Ketil Vinnes, Ålesund/Velledalen IL

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL

Kjell Magnar Berli, Velledalen IL

Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL

Nikolai Handle Jensen, Osloavdelinga Velledalen IL

 

Fylgjande personar har òg gått til topps (1 siger) under Konradløpet:

Gudrun Wangsmo

Johan Møgster

Rolf Vaksvik

Ole Johan Risa

Lars Ander Hoel

Elisabeth Overvoll Hole

Knut Anders Hatlen

Ragnfrid Aamodt

Solveig Beate Brunstad

Håkon Melseth

Anna Elise Ullavik Sylte

Andreas Mosby Nakken

Anette Heimli Jokstad

Robert Vasset

Malin Berge

Julie Støverstein – løyperekordhaldar kvinner med tida 16.44

 

Har du passert 70 og kjenner på at livet ditt treng «eit løft» - ja, så meld deg på Konradløpet. Hugs at Konrad byrja ikkje før etter passerte 75, etter å ha observert fenomenet jogging på ein tur til slekta i Amerika. Han debuterte på halvmaraton som 82-åring og sprang sitt siste halvmaraton som 88-åring.

Hjarteleg velkomen til Konradløpet - ein leksjon i at fysisk fostring lettar alderdomen!


Logg inn for å skrive en kommentar.