Tøffe, tøffe Hilmar!
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Apr 2026

Les teksten nedanfor og sjå kva Hilmar Kråkenes gir seg i kast med 2.mai.
Dette er kort og godt brutalt. Truleg må han halde det gåande svært lenge for å bli mellom dei beste, som er målet hans. Elles er nærare kommentar ikkje naudsynt, då han sjølv har skildra på framifrå vis kva som skal skje. Velledalen IL ynskjer masse lukke til og kjem med resultat både undervegs og når det heile er overstått.
Men at Hilmar Kråkenes er ein tøffing som gir seg i kast med slikt, ja, det herskar det ingen tvil om.
Ettersom det ikkje er Oslo-Bergen Ultra Trail i år.
Derfor måtte eg finne noko anna i år. Eg skal 2.mai prøve meg på Backyard Ultra Last Man Standing: https://racetracker.no/events/2026/hagemanns-backyard/ . Løpet er i Svelvik, sør for Drammen komande laurdag klokka 10.00
Dette er same konsept som eg har her hos meg, jogge omtrent 7 km(6,7km) i timen. Oppstart kvar heile time. Forskjellen er at på Hagemanns Backyard Festival er det "last man standing" konsept. Det er berre ein vinner. Den som ikkje bryt løpet vinner. For at det skal bli avgjort ein vinner, må ein ofte jogge i 35-50 timar. Målet mitt er heftig: Eg har lyst å vinne løpet, om ikkje så håper eg å halde ut i minst 45-48 timar. Mykje kan skje. Fokuset blir å jogge roleg nok, få i seg nok næring og visst eg er heldig får meg 5-10 minutt søvn i løpa av løpet. Løpet er ekstra spennande fordi om eg vinner får automatisk plass til Noreg sitt VM-lag i Backyard Ultra VM-lag (Big's Backyard World Championship) (17.oktober 2026). Ein kan også få plass visst ein ikkje vinner, då bør eg minst greie 45 timar for å vere ganske sikker å vere blant dei 15 som blir tatt ut på laget. Finner informasjon om dette her: https://backyardultranorway.no/wp/.
Min fysiske form er veldig bra. Tviler ikkje at eg har god kapasitet til å halde ut lenge. Det som blir spennande er korleis eg taklar å vere trøtt, og om kroppen vil ta til seg næring utover timane.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.