Svært god påmelding til det 23. Konradløpet
Postet av Atle Jomar Hole den 30. Apr 2026
Kan det bli ny Konradløp-rekord?
Om lag klokka 10 i dag, passerte påmeldingane til årets Konradløp 240. Av erfaring veit vi at det melder seg på SVÆRT mange siste dagen, kvelden og minutta før løpsstart. Rekorden påmelde er 372. Det var i 2006. Velledalen IL sitt 100 års jubileums-år. Så mange vert det kanskje ikkje i år, men av erfaring frå tidlegare år vert det heilt sikkert godt over 300 påmelde deltakarar.
Så minner vi om at personar som er tidleg ute helst bør parkere ved grendahuset og «varme opp» mot starten på Brunstad. Det er viktig at alle som tek 04.20-ferga frå Magerholm får køyre heilt fram til start sidan dei vil ha ganske så knapt om tid til starten klokka 05.15.
Toalett-kapasiteten er ikkje all verda i startområdet, men der vert ope toalett i bedehuset kring 160 meter frå start/mål.
Elles minner vi om samkoma for alle løparane i Velledalen grendahus etter løpet. Her vert det servert frukost, delt ut premiar og Konrad-film med meir
Hjarteleg velkomen til den 23.utgåva av Konradløpet i regi Velledalen IL!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.