Hagemann Backyard: Hilmar Kråkenes held ut
Postet av Atle Jomar Hole den 3. mai 2026

Arkivfoto
274 starta i går klokka 10.00. I dag klokka 07.00 la 14 utøvarar ut på runde 22
Hilmar Kråkenes var klokka sju i dag tidleg ein av 14 utøvarar som la ut på runde 22 under Hagemanns Backyard i Svelvik, sør for Drammen. Starten gjekk 2.mai klokka 10.00, altså med 274 startande. Løypa er 6,7 km lang og det er ny start kvar time. Den som ikkje kjem seg til ny start etter timen er passert sidan den førre, er ute.
Klokka 07.00 i dag tidleg (3.mai) la Hilmar og 13 andre ut på runde 22. Etter 21 rundar er Hilmar nummer fire tidsmessig på tida 16.24.58. Men her er det altså å halde ut som er det vesentlege, sidan dette er såkalla «last man standing» konsept.
Les elles saka på nettsida til Velledalen IL for nokre dagar sidan. Den fortel alt om kva dette dreier seg om.
KONKLUSJON: Hagemanns Backyard Festival nærmar seg døgnet sidan start. Vår mann, Hilmar heng med.
14 av 274 startande la ut på runde 22 klokka 07.00
Tidsmessig etter 21 rundar er Hilmar nummer fire med løpstid på16 timar 24 minutt og 58 sekund.
Logg inn for å skrive en kommentar.