Konradløpet 2026: Sigurd sette rekord for 15-åringane.

Postet av Atle Jomar Hole den 3. mai 2026

 

Tenåringane fekk tyn for svak deltaking under Minkonrad, men fleire imponerte under hovudløpet.

 

Ein av dei var Sigurd Ringdal Linga. Ei dryg veke før han skal få prestehanda på hovudet (konfirmasjon) sprang han Konradløpet på 16.28. Det har ingen 15-åring gjort før han, dei 23 gongane løpet har vorte arrangert. I 2025 sprang Sigurd på 17.31, altså ei forbetring på eitt minutt og tre sekund på eitt år. Mykje i ei løype på kring 4,4 km. Sigurd er ein særs allsidig idrettsutøvar. Aktiv både i fotball, orientering og fleire typer løp. Om det går bratt oppover eller er flatt spelar lita rolle; Sigurd spring fort uansett.

 

At Sigurd har talent for idrett er kanskje ikkje underleg. Eksempelvis var begge foreldra (Astrid og Frode) dugande fotballspelarar. Onkel-og tantelista kjenner ikkje nettsida heilt og fullt, men vi kan nemne namn som:

Jostein Linga – klubbkjempe og allround-spelar på VRF med høgt tal både mål og kampar.

Harald Ringdal – framifrå løpar og aller best i terreng ultra-løp, ein «stayer» av rang.

Per Steinar Linga – i mange år ein av Møre og Romsdal sine beste syklistar.

 

Men tilbake til 15-åringane. Velledalen IL gratulerer med fin innsats under Konradløpet og ynskjer også til lukke med konfirmasjon-helga, anten den er over, eller skal vere komande helg (eller andre tider): Dersom informasjonen som er lagt inn på EQ-timing i samband med Konradløpet er korrekt, gjeld det desse:

Sigurd Ringdal Linga

Olai Hole Bjørneseth

Iver Foss – Dahlberg – frå Emblem IL, men tek han med sidan han er tøff o-konkurrent til Mikkel og Sigurd.

Sofie Fløttum Fauske

Johanne Klokk Grøvlen

Anna Netland Brunstad

Lovise Utgård Heggdal

Sunniva Vikingsen Skogestad – del av team- Fauske.

 

Innsatsen til 15-åringane (og andre tenåringar for den del) under Konradløpet 2026 vart lagt merke til. Og statistikken for året vart slik:

15-åringar MiniKonrad: 0

15-åringar Konradløpet: 8

  • Nettsida kan hjelpe dei med KONKLUSJONEN: MiniKonrad vert for puslete!

Logg inn for å skrive en kommentar.