Vêrspådom for sommaren

Postet av Henning Tandstad den 9. Mai 2026


På førespurnad frå friidrottsleiar Henning Tandstad, spår tidlegare klubbmeteorolog Per-Gunnar Holmberg sommarvêret. Vi sender ei stor takk!

Her er meldinga:


Hei!  Som tidlegare klubbmeteorolog har eg fått førespurnad om korleis verutsiktene er framover neste 3 månadane,  Eg har tidlegare sagt at sommarveret er bortimot umogleg å spå med almanakken. 

Ifølgje almanakken burde første halvdel av mai vere relativt mild og turr noko som ikkje ser ut til å vere tilfelle.  Frå den 16. mai ser det ut for å verte like dårleg ver som i skrivande stund.  Det vil seie at 17. mai vert relativt kjølig, med litt regn innimellom.

Så er det Sørestrandmila den 30. mai. Det kan sjå ut som veret omtrent då slår om til varmt og godt sommarver.

Juni ser ut til å bli ein turr månad, med god varme i starten og ikkje fullt så varmt på slutten av månaden.

Juli ser også ut til å verte ein relativt turr og varm månad,  Sjølvsagt kan det vere periodar med regn innimellom, men for det meste godt og varmt sommarver.

Eg minner igjen om at verspådommar som gjeld sommaren er svært usikre, så om treffprosenten vert låg vert eg ikkje overraska.

Sidan det å spå veret så langt fram i tid er risikosport, har eg fått tilbod om å vere anonym.  Det er det vel ingen grunn til tenkjer eg, for om eg bommar er eg i godt lag med godt gasjerte heiltids-meteorologar.

Vyrdsamt

Per-Gunnar Holmberg

tidlegare klubbmeteorolog i VIL


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.