23.mai: Viktigaste halvmaraton i Møre&Romsdal 2026

Postet av Atle Jomar Hole den 11. Mai 2026

Arkivfoto 

Då vert Sparebank 1 Vartdalsstranda Halvmaraton 2026 arrangert, med innlagt kretsmeisterskap for Møre og Romsdal

 

KM halvmaraton er det viktigaste løpet som vert arrangert i fylket på denne distansen dette året. Løpet på Vartdal, med Ørsta IL som arrangør, har i skrivande stund 185 påmelde.

På dei ulike distansane er fordelinga slik:

 

TRIMLØP RUNDT DALEN, UTAN TITAKING: 44 påmelde:

Her er mange sykkylvingar påmelde under «Team Kristian Øye».

Vidare står Hallvard Krohn, Ikornnes, og ei som kallar seg Elin Marie, Sykkylven, på listene.

 

10 KM MED TIDTAKING: 43 påmelde

Her er Ludvig With, Velledalen IL, påmeld.

 

HALVMARATON KM: 19 påmelde

Mellom desse er Malin Berge, Velledalen IL (K 35-39) og Sverre Kjerpeset, Velledalen IL, (M 40-44)

Begge desse tok KM-medalje i 2025, men ingen av dei sprang for Velledalen IL då. Malin tok gull for Ørsta IL, Sverre tok sølv for Isfjorden IL.

Venteleg vil ganske mange fleire vere med og kjempe om KM-titlane når startskotet smell.

 

HALVMARATON UTANOM KM: 79 påmelde

Ingen frå Velledalen IL påmelde her, men ein finn to frå nabokommunen, Standa.

Nemleg Kristiane Dahlen, Geiranger IL, (K 23-34) og Rima Marcinkeviciene, Stranda, (K 50-54)

 

Under fjorårets KM halvmaraton tok Velledalen IL tre medaljar.

Gull til Bjørn Arve Brune (M 60-64) og Jan Ketil Vinnes (M 55-59).

Sølv til Per Inge Bjørnestad

 

Venteleg vil totaldeltakinga på Vartdal passere 250 med god margin.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.