Fullklaff for Eldar Sindre i Vestfold

Postet av Atle Jomar Hole den 14. mai 2026

 

Kom nær sagt direkte frå «treningsleir» i Hellas, til kanontid under Revetal Halvmaraton.

 

Det er ikkje lenge sidan VIL-Nettsida sin mann høyrde Eldar Sindre Valkvæ klage nauda si:

  • Uansett kor godt budd eg er, og kor hardt eg prøver, så endar halvmaraton-tidene mine på 1.36-talet.

 

Men i dag var det andre bollar. Frå Revetal kom denne meldinga inn til VIL-Nett:

  • Eldar Sindre er av dei mest sommarbrune i heile startfeltet!

 

Det var Ellen Marie Hole som melde dette, etter å ha fått vite at ho ikkje var einsam frå klubben sin under løpet. Og litt seinare tikka ei ny melding inn:

  • No har eg heia på han tre gonger, han lurer sikkert fælt på kven eg er….?

 

Men dette er slik Eldar Sindre:

Heile Velledalen IL ville svært sterkt at du skulle lukkast i dag. Difor mobiliserte vi det mannskapet vi hadde tilgjengeleg. Og lukkast gjorde du. Tida 1.33.28 er ramsterkt i klasse M 65-69. Klasse-siger vart det, og du vart nummer 161 av alle som fullførte halvmaraton og nummer 149 av alle menn. I.33.28 vil gi ei flott plassering på Kondis sin veteranstatistikk når sesongen er over. Løpsdisponeringa til Eldar Sindre under Revetal halvmaraton var av god klasse. Dette var «premien» for ein oppofrande og dedikert innsats i treningsarbeidet siste året.

Gratulerer, Eldar Sindre, dette var eit kvalitetsløp i klasse M 65-69!

 


Logg inn for å skrive en kommentar.