Revetal Halvmaraton 26: Eldar Sindre klassevinnar

Postet av Atle Jomar Hole den 14. mai 2026

Ingen knapp siger heller. Ni minutt og 52 sekund føre nummer to.

 

La vi opne med å fortelje at løypa heldt rett lengde. 21,16 km viste Eldar Sindre sitt private måleapparat, som vil seie kring 70 meter over norm.

 

Så fylgjer vi opp med å GRATULERE Eldar Sindre med ny personleg rekord på halvmaraton….. noko det står respekt av når fødselsåret er 1959! Karane vår mann kjempar mot i klasse M 65-69, er med andre ord fødde i perioden 1957-1961. Vi må ikkje gløyme desse fakta når prestasjonen skal vurderast. Og då vitnar det om KVALITET når mannen held ut i 21,16 km med ei snittfart på 4,27 per km i ein alder av 67 år! Dette var Eldar Sindre sin andre halvmaraton for sesongen. I april gjorde han 1.36.17 på romsdalsk jord.

 

I alt fullførte 446 Revetal halvmaraton – 306 menn og 140 kvinner. I ei løype som mest er heilt flat.

I klasse M 65-69 vart resultata slik:

  1. Eldar Sindre Valkvæ, VIL, 1.33.28
  2. Hans Fredrik Christensen, 1.43.20
  3. Jan Roger Olsen, 1.58.06

Logg inn for å skrive en kommentar.