Per 17.mai 2026: 56 utøvarar har konkurrert for VIL
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Mai 2026
Litt meir enn 1/3 av året er unnagjort. Hittil i år har 56 utøvarar konkurrert for Velledalen IL
La vi fyrste presentere utøvar-tala for åra 2024 og 2025:
2024: 75 utøvarar konkurrerte for VIL
2025: 82 utøvarar konkurrerte for VIL
Hittil (per 17.mai) i 2026 er talet 56
Her er nokre tal innan ulike idrettar:
1 deltakar: OCR hinderløp – her er Anette åleine hittil
2 deltakarar: Alpint: Emma og Christina Holmberg deltok begge i Alperittet på Stranda
3 stk: Skikross: Her har trioen Knut Klokk, Sigurd Fløttum Fauske og Emil Vikås vore i aksjon
9 stk: Orientering – heile sju av dei ni er under 16 år, så o-gruppa rekrutterer ungt
13 stk: Langrenn – der tolv av dei gjekk Birken
32 stk: Løp i ulike former. Alt frå Backyard Ultra, via heil- og halvmaraton, til tre km landeveg.
Som ein ser går ikkje tal utøvarar i dei ulike greinene i hop med totalen på 56, men det er fordi somme har delteke både i løp og i langrenn.
EKSTRA GLEDELEG:
2024: 7 av 75 VIL-utøvarar var under 20 år
2025: 14 av 82 VIL-utøvarar var under 20 år
Hittil i 2026: 13 av 56 VIL-utøvarar under 20 år
Dette går med andre ord rette vegen – greier vi 20 under 20 år i 2026…?
Så minner vi om at arrangement som Barnas Fjellsæterrunde, Koldabakken Grand Prix, MiniKonrad og Konradløpet ikkje tel med i denne oversikta.
Hadde dei gjort det, ville ALLE TAL vore vesentleg høgare.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.