Viktigaste løpet i helga: Løp for psykisk helse
Postet av Atle Jomar Hole den 29. mai 2026
Arkivfoto, frå sist arr.
Støtt løpet til vår eigen Hilmar Kråkenes i Måløy.
Det er dei færraste som har sitt eige løp. Konrad Brunstad fekk det etter sin eigen bortgang, Hilmar Kråkenes har skapte det sjølv medan han er i sin beste alder.
30.mai er datoen for eit dagsarrangement i Måløy med sju km lange etappar gjennom dagen (med start kvar heile time), der ein er med så lenge ein vil – og når ein vil i løpet av dagen. Maks distanse for kvar deltakar vert drygt 80 km, men dei fleste vil nøye seg med langt kortare strekning. Dei som kjenner til Backyard -konseptet, skjønar raskt kva dette dreier seg om.
Arrangementet har ein spleis for innsamling, nummererte medaljar og oppmodar til openheit og dialog kring psykisk helse.
Gå inn på: Lett på foten
Eller kontakt Hilmar Kråkenes sjølv: 970 15 052 – hilmar1978@hotmail.com
I 2025 gav Hilmar sitt løp kring 30 000 kroner til Psykisk helse. Pengane går i heilskap til tiltak i lokalmiljøet.
Camilla Moen, 17.mai-talar i Velledalen i 2026, slo også eit slag for psykisk helse i talen sin. Eit tema som lett vert under-kommunisert, men som fleire enn vi anar er råka av på eit eller anna vis, sa ho mellom anna.
Nettsida til Velledalen IL oppmodar VIL-medlem og andre om å støtte Hilmar sitt løp, og ikkje minst spleisen for psykisk helse.
Logg inn for å skrive en kommentar.