Sørestrandmila: Ring i bjølla ved ny personleg bestetid!

Postet av Atle Jomar Hole den 29. mai 2026

 

Litt om påmeldingane dagen før løpet

 

Klokka 15.30, dagen før løpet (29.mai) var påmeldingane til Sørestrandmila slik:

3 km: 11 utøvarar

5 km: 15

10 km : 17

 

I alt 43 utøvarar. Per Jan Helset (82) frå Langevåg er eldstemann mellom dei påmelde. Han spring 3 km. Yngst hittil er sykkylvingen Ulrik Rokseth Nordstrand. Han er tolv år og spring 5 km. Det er god spreiing med omsyn kvar deltakarane kjem frå. Hittil har det kome påmeldingar frå:

Ålesund FIK

Spirit (Stavanger)

Harøy IL

Ikornnes IL

Stranda IL

Sunnylven IL

Langevåg IL

Valderøya (IL Valder)

Sykkylven IL

Hildre

Aurland IL

Syvde IL

Velledalen IL

Arrangøren reknar med deltakartalet vil passere 60. Og presiserer at alle som leverer ny bestetid på distansen dei spring, må ringe med bjølla.


Logg inn for å skrive en kommentar.