Halvmaraton-NM i Farsund: 11 plass til Andreas
Postet av Atle Jomar Hole den 30. mai 2026

Foto: Anita M. Nakken
Flotte løp, og 11. og 24. plass på Gyls-tvillingane under halvmaraton-NM i Farsund.
Det er slik mest kvart år. Når NM vert lagt ut i distrikta – same kvar det er – er der titlar og hente nærast på billegsal.
Her er dei tre totalvinnarane av kvart kjønn i Farsund:
HERRAR:
- Håvard Langeland Mæle, Spirit FIK, 1.07.47 (menn senior)
- Frew Zenebe Birkineh, GTI FIK, 1.07.57 (M 40-44)
- Preben Aase, Spirit FIK, 1.08.03 (menn senior)
Minner her om at Espen Utgård Sæther har sprunge på 1.09.16 og Constantin Rust på 1.09.17
KVINNER:
- Marianne Hilmarsen, Flekkefjord Løpeklubb, 1.20.37
- Melinda Frigstad, Kvinesdal IL, 1.22.56 (K 40-44)
- Linnea Skårdal, Lyngdal IL, 1.24.41
Våre to utøvarar, Sivert og Andreas Nakken, deltok i klasse Menn Senior, eller det som vanlegvis vert kalla M 23-34. Her var det 37 fullførande løparar, der Andreas fekk ein særs oppløftande 11.plass på tida 1.22.52. Sivert vart nummer 24 på 1.35.25. Så vidt vi veit er tida til Andreas den nest beste halvmaraton-tida hans nokon gong.
Så nemner vi til slutt at NM-gullet i klasse M 55-59 gjekk på 1.22.23 – 30 sekund raskare enn Jan Ketil Vinnes levert på Vartdal sist helg.
I klasse M 60-64 gjekk NM-gullet på 1.38.53 – seks minutt bak tida til Bjørn Arve på Vartdal
Og NM-gullet i klasse M 65 -69 gjekk på 1.45.44 – meir enn tolv minutt bak det Eldar Sindre sprang på i Vestfold for nokre få veker sidan.
Å vere på rett stad til rett tid er viktig også i idrett……
Logg inn for å skrive en kommentar.