Trufaste slitarar: Odd Gunnar Tveit frå Sørlandet
Postet av Atle Jomar Hole den 31. mai 2026
Anita Mosby Nakken er alltid på vakt og har sendt nettsida eit «screenshot» av Odd Gunnar Tveit.
Odd Gunnar Tveit var ein av mange deltakarar under den store løpsmønstringa i Farsund laurdag 30.mai. Odd Gunnar når ikkje opp mot Inge Asbjørn Haugen i tal heilmaraton, men han er ein av personane i Noreg som ligg nærast. Han spring dei fleste distansar, men er kjend for at valet fell på heilmaraton (42 195 meter) om det er tilgjengeleg.
Vidare er den blide sørlandsmannen vide kjend for «bekledninga» under løp. Han likar vere lettkledd. Uansett temperatur. For ein del år sidan deltok han under Nyttårsmaraton i Ålesund. Eitt av dei åra løpet gjekk under vinterlege forhold med minusgrader. Per-Gunnar Holmberg var då i Velledalen IL sitt «langings-team» og tykte synd på mannen:
- Vil du låne vottane mine, ropte han og strekte ut hendene med to tjukke ullvottar mot Tveit?
Men Odd Gunnar takka nei.
- Eg likar det best slik, svara han.
- Ja, lukke på reisa, svara gartnaren og klubbmeteorologen frå Velledalen, og rista på hovudet.
6 juni er det nytt heilmaraton i Ålesund. Om herr Tveit blir der veit Nettsida ikkje. Men vi trur ikkje han greier halde seg lenge, før han gjer seg ein ny tur til Sunnmøre.
Og velkomen er den blide sørlendingen alltid!
Logg inn for å skrive en kommentar.